Sommarferie!

Eg skal ikkje starte dette innleget med å påpeike kor lenge det er sidan sist eg skreiv noko, fordi eg trur eg har starta pretty much alle inlegga slik :P

Det er no to(!!) dagar igjen til eg skal reise tilbake til Wales etter det som verkeleg kan kallast ein opplevelsesrik sommarferie! Eg skreiv sist då det nerma seg slutten av året, så no startar eg med begynnelsen av sommarferien.

 

Ein skulle kanskje tru at dette var ei festleg begivenheit, men det var heller sørgeleg. Eg seier ikkje at eg ikkje gledde meg noko utrulig til å sjå igjen alle her heime, men avskjeden var tung, spesielt når det gjaldt andreåringane som vi kanskje aldri kjem til å møte igjen. Den siste natta, etter leavers assembly, var alarmane på dørene av for ein gongs skuld, og vi fekk gå frå hus til hus slik vi ville. Dei fleste brukte tida på å skrive i årbøker, fordi dette måtte bli gjort før vi skulle dra. Den første bussen gjekk allereie klokka 22 den same kvelden som leavers assembly var på. Det var utruleg få tørre auge etter dette. Eg på mi side var der den alarmfire natta, og tok bussen neste morgon. Eg tok heller ikkje felles bussen som colleget organiserte, men den vanlege bussen og det vanlege toget saman med ei frå huset mitt. Vi gjekk likevel til collegebussen som gjekk ein halvtime tidlegare for å seie hade til alle. Det er ein heilt ubeskriveleg følelse. Eg har aldri sagt hade til så mange på ein gong. Verst er det kanskje med dei folka du merkar at betyr utruleg mykje for deg i det sekundet du seier hade til dei. Deretter sit du i toget, og samtidig som du er oppspelt fordi du endeleg forlet skulen kjennes ein så tom, så sliten (dette kan også være pga. at dei fleste døgna siste natta...). Å så opne årboka si for å lese helsingar frå alle desse utrulege folka var.. tungt.

 

Eg og venninna mi drog til bestemor hennar som but utfor London, og budde der i to netter. Vi gjorde ikkje noko anna enn å lage mat, gå litt tur og sjå på filmar i senga. Det var vel omtrent det einaste vi orka å gjere. Det tek tid å ta igjen tapt søvn frå eit halvår! Anyways, etter desse to nettene drog eg til Cambodia, på eit sommarproject som skulen hadde arrangert.

Den utruleg lange flyturen vart gjort enklare ved at malaysian airlines har utruleg god service og minst 60(!) filmar i tilleg til eit utvag av big bang episodar. I Cambodia vart vi møtt av varme og ris. Vi var i hovudstaden ein dag, og fekk kjøpt klede på markedet. Deretter drog vi til eit anna distrikt, og der hadde i tre økter på fire dagar i forskjellige landsbyar i jungelen. Det var krevande, men heilt klart verdt turen, og ei oppleving eg ikkje ville vore forutan. Vi sov i hengekøyer i skulane, dusja ved vannpumper eller i elver, åt ris til alle måltid, stod opp med sola og la oss når ho gjekk ned, med unntak av nokre netter under ein utruleg klar stjernehimmel. Med barna sang vi sangar, leikte leikar, laga bruer og masker, og vi lerte dei også spel som domino eller memory. Dei eldste lærte også sudoku!!!

 


Dei siste tre dagana drog eg og 6 andre jenter til Siem Reap for å sjå Ankor Watt. Her sov vi på eit litt finare gjestehus, åt noko anna enn ris og handla på det store markedet!

 

 

Heimreisa etter dette var slitsam, men augeblikket når du står på den lille flyplassen i Ålesund, MED bagasjen, og ser nokon du ikkje har sett på eit halvt år er heilt fantastisk! Heime hadde eg ikkje ein gong tid til å finne meg til rette. Eg pakka ut ein dag og pakka på nytt neste dag, for etter to dagar gjekk turen til USA med familien!


New York, Timesquare


Seattle, ein park!


San Francisco sett frå Golden Gate


 

Kreds til mamma som klarte å planlegge ein treukers tur til USA, der vi såg alt frå empire state building, til the space needle, til venice beach og golden gate bridge! Eg trur ikkje det enda har gått opp for meg kor mykje eg såg på dei tre vekene. Dei fire siste dagane drog eg alleine til Boston, der eg møtte fire andre AC elevar. Vi var så to dagar i Massachusetts (Cape Cod!), før vi drog til New York, der vi deltok på Malala Day. (Ja, eg har sete i forsamlingssalen i FN, og sett både generalsekretæren og Malala sjølv!)



 

 

Dei siste tre vekene har eg no sete her ved bordet og skreve diverse IA?s og EE?en min. Eg har sjølvsagt passa på å være med vennar også, både på vasski og konsertar.

Imorgon er det verkeleg på tide å begynne å pakke, og på Tysdag får eg sjå igjen alle vennane mine i Wales!! Ordet bittersweet beskriv det heile veldig godt, men slik er et vel med alle abskjedar. Du dreg frå noko du likar, for å møte andre folk og gjere andre ting du likar!

05.08.2013 @ 00:16 i Før reisa 0 kommentarer

The end! (of first year)

Hahah, eg ser at siste innlegg er posta i paaskeferien.
Det seier vel litt om kor travelt eg har hatt det! Eg faar proeve aa oppsummere nokre av hendingane utan aa bruke alt for lang tid paa det, for tru det eller ei, eg har fortsatt mykje som maa gjerast!

 

Det er berre ei veke igjen her, noko som er ufatteleg trist, men samtidig veldig bra. Det triste er at dette er den siste veka vaar med andreaaringane. Aaret har gaatt heilt utruleg fort, og det er saa mange snille folk ein skulle hatt meir tid saman med/ blitt betre kjendt med! Alle proever aa unngaa dette temaet, noko som i grunn gaar heilt greitt sidan folk fortsatt har IB'en aa fokusere paa. Og kor trist det enn er, saa trur eg alle er klare for ei pause fraa AC, for sjoelv om eg verkeleg har funne meg til rette no er det fortsatt tungt aa leve saa tett paa saa mange ungdommar.

 

Saa andreaaringane har IB eksamenane sine no, medan vi held paa med ulike coursweork, det vil seie essay og presentasjonar som allereie tell for den endelege karakteren vaar.  IB'en har foregaatt i over to veker, og foer det hadde vi end of codes og first year exams. First years exams var ei veke med tentamenar i alle fag. Det er vel litt unoedvendig aa seie at dette var stress, men eg skal likevel ta meg tid til aa forklare kor stressfult det er med IB tentamenar/eksamenar, for nordmenn veit ikkje kor bortskjemde dei er! Ein IB eksamen blir for det foerste skriven for hand! Det vil seie at om du plutseleg finn ut at "nei, dette avsnittet hadde passa seg betre tidlegare/seinare i teksten", saa er det synd for deg. Det blir dessutan forventa at ein skriv like mykje paa dei to timane med penn som ein gjer paa ein heil dag med data i Noreg. Og det er faktisk dei ferraste eksamenar som varar i to timar, dei fleste er ikkje meir enn ein og ein halv. Dette hoeyrest kanskje ut som om det er mindre arbeit, men ein maa vaere mykje meir fokusert. I historie maatte eg til doemes skrive 2 essay, pa engelsk, for hand, i loepet av ein time og 45 minutt.

 

Ok, saa det var det. Medan/like foer vi hadde first years exams hadde andreaaringane end of codes. Dette er som russefeiringa, men med litt mindre drikking og betre pranks! Det seier vel kanskje seg sjoelv at det er mykje artigare med slikt naar ein bur ilag og gaar paa internat skule! Det heile starta soendag kveld, med at to madrassar fraa kvart rom var forsvunne, saman med alle skoa vaare. Ein gjeng av oss valde aa gjere dette om til noko positivt og valde aa sove i dayroom. Neste morgon klokka seks vart alle vekte og jaga ut til eit gjorde utfor huset. Etter kvart samla alle husa seg der, ogsaa bitta dei saman lissene paa skoa vaare, for saa aa ha eit kapploep mellom alle husa. Og overraskanda nok vant Tice (som aldri vinn noko). Det viser seg at sjoelv om vi ikkje er gode i sports-week saa er vi ein close gjeng som er god til aa samarbeide.
Resten av veka bestod av nasjonalgrupper som kasta firstyearsa sine i outdoorpool, kledde dei opp i rare klede, eller strekar som ein kayak paa toppen av ei bokhylle i library, eller to hoener sluppe laust i bradenstoke.
Skoa vaare fekk vi forresten tilbake , knytt saman til ei lang rekke, som rakk gjennom alle gangane i huset!

 

Saa dette er altsaa noko av det som har hendt sidan sist, og ogsaa slutten paa mit foerste aar her. No ligg yearbook's overalt i dei ulike dayrooma, og ein gaar rundt og skriv hilsenar til folk ein kanskje aldri meir kjem til aa sjaa igjen...
Men vi proever aa ta ein tag om gongen, og ikkje ta sorgene paaforskudd, saa faar eg heller skive korleis dei aller siste dangane var naar eg har komt meg etter dei!

18.05.2013 @ 10:51 i Wales !! 0 kommentarer

Alt som har skjedd sidan sist! (og Bilde!!!)

Da er det påskeferie! Ein skulle tru dette var tid til å slappe av, men eg har så utruleg mykje å gjere før first-years exams om fire veker at eg ikkje kan slappe av! Eg har likevel tatt turen vekk frå Colleget, saman med tre venniner. Vi er i ei lita "leilighet" (som eit hostel) med wifi, badekar og andre luksusfaktorar som vi ikkje lenger er vande til! Har blandt anna vore og handla skikkelig brød :)

 

Det har sjølvsagt skjedd mykje sidan sist! Før helga hadde vi årets siste diploma period; Sustainability Conference!  Som vanligvis når det gjeld diploma periods kunne vi melde oss på ulike workshops. Eg var blandt anna på ein med ei som har jobba for statoil dei siste 10 åra. Favoritt-workshopen min var min praktiske workshop, der vi spikra saman restar av gamle pallar til hagemøblar/skilt. Det var også veldig gode foredrags-haldarar, blandt dei beste vi har hatt i år (om ikkje dei beste!) Det heile vart avslutta fredags kveld med AC Woodstock i Bradenstoke Hall, der vi satt på golvet og høyrde på elevar og lærarar opptre!

Laurdag hadde eg ein dag "fri", med unntak av å bake ei kake til ein konsert på kvelden, og søndag arrangerte colleget det årlege 10 km løpet. Eg hugsar at eg las om dette i fjord, like før eg fekk ein skuleplass. At eg no har opplevd det sjølv viser kor fort tida har gått, og eg må nemne at den einaste grunnen til at eg ikkje skriv om kor snart sommarferien er her er at eg er livredd for dette tidsrommet, som heilt sikkert vil være over alt for fort! Anyways: 10k. Eg hadde aldri trudd at eg faktisk kom til å springe (jogge) 10 km. Og i vertfall aldri med eit startnummer, og ei gruppe på 365 andre folk. Men eg må innrømme at eg er glad folk nermnast tvingte meg til å gjere dette! Til tross for sterk motvind (JA, sjølv for ein øying som meg) klarte eg å la være å gå, og tida mi endte opp på like uner ein time!

 

Og no til det mest spennande som har skjedd sidan sist:
For fire veker sidan var eg dessutan i Polen. Dette var i project week, ei veke der laerarar arrangerer ulike prosjekt som ein kan "melde seg paa" (sign dow sheets for the win!). Eg var heldeg som fekk plass paa polenturen, ettersom 40 skreiv seg ned og det berre var 20 plassar. Turen var organisert av ein historie lerar her, Kate. Ho er ikkje historie laeraren min, men tru meg naar eg seier at ho til og med ser ut som ein historielaerar! Ho er ikkje berre hyggeleg, men ogsaa kjempe god til a planlegge, noko som gjorde at etter fire kveldar med kjempe god mat, eit pensjonat med bad for kvart rom og wifi og kjoekken, fekk vi fortsatt tilbake 150kroner, fordi det var pengar til overs. Men det var sjoelvsagt ikkje berre god mat og fint pensjonat, det var ogsaa ein laererik/interesant tur! Den foerste dagen var det iskaldt, sjoelv med norsk boblejakke, medan vi gjekk rundt i byen og saag paa gamle bygningar. Viste de at Krakow er ein av dei faa byane som ikkje vart bomba under andre verdenskrig? Dei har derfor kjempe mange utruleg fine bygningar saa aa seie overalt i byen. Den andre dagen drog vi til Schindlers fabrik, som no er eit museum, og til "the jewish district".

Den tredje dagen var heilt klart den "tyngste" dagen, til trass for solskinn. Vi besoekte nemleg Auschwitz og Birkenau. Vi brukte omlag tre timar paa ein guida tur. Det er vanskeleg aa beskrive det ein ser der, og enda vanskelegare aa forstaa. Eg trur eigentlig ikkje det gaar ann aa forstaa. Etter turen, daa vi var tilbake i pensjonatet satt vi oss ned og snakka om det vi hadde sett i litt over ein time. Noko av det som gjorde mest inntrykk var eit rom fult med barnesko, eit rom fylt med haar, kofertar med navn paa og sist men ikkje minst stoerelsen paa Birkenau. Ingen av bileta eg tok kan gi det minste inntrykk av kor stor denne konsentrasjonsleiren var. Etter denne samtalen var resten av oppholdet meir "turist-fokusert". Vi hadde ettermiddagen fri, og neste dag var det einaste vi hadde paa programmet eint tur til saltgruvene. Dei fem dagane var ein fin avbrekk i kvardagen, i tilleg til at eg hadde tre dagar fri etterpaa!

 

Her er nokre bilete:


Inngangen til Auschwitz.


Dette minnemerket finn ein i det jødiske distriktet i Krakow.


Birkenau, den største konsentrasjon leiren under andre verdskrig. Bilete er tatt fra omtrent mitt på, og bygningen ein ser er inngangen.
Ein må være der fro å sjå kor stor denne leiren var, det kan ikkje beskrivast verken med ord eller bilete!


Men det er også glade stader i Krakow! Byen er heilt fantasktisk, spesielt med sol! 


 No skal eg prøve å nyte ferien til tross for den svære arbeidsmengda mi!

28.03.2013 @ 17:29 i Andre reiser! 0 kommentarer

Peace, Communication og MUN

Heisann.

Foerst maa eg berre fortelje kor kjekt det er naar ein staar opp tidleg, gaar til slottet gjennom kulda ogsa dukkar ikkje laeraren opp. Vanlegvis faar vi mail om ein laerar er sjuk, saa vi reknar med at laeraren vaar anten er svaert sjuk, forsov seg, eller at han saag superbowl og ikkje gadd aa komme...
Men for aa sjaa det paa den positive sida, saa var det egentlig meininga at vi skulle ha ei proeve idag, og den blir det jo ikkje noko av utan laerar.

 

Saa no sitt eg her med ein kopp te, lys vaaken, naar eg eigentleg kunne faatt ein time meir med soevn. Ikkje at det er slik at eg ikkje har betre ting aa gjere enn aa blogge. I tillegg til historie proeva (som eg sikkert maa ta onsdag istaden), har eg ei matte og ei fransk proeve imorgon, ein norsk presentasjon onsdag, og ein norsk tekst eg maa levere inn paa fredag. Sistnevnde har eg ikkej faat starta paa, ettersom vi brukte sist norsktime til aa snakke om skulepolitik.

 

Det er heilt utruleg at eg berre har vore her i 3 veker, for med tanke paa alt som har skjedd kjennes det som om eg har vert her i minst to maanader! Dei foerste to vekene snoedde det meg jamne mellomrom, og sjoelv om det laag maks to cm med snoe paa bakken hadde laerarar problem med aa komme seg til skulen. (Men ta det med ro, eg hadde ingen avlyste timar, alle laerarane mine bur nemleg paa campus-.-) Det viser seg at praktiske ting som snoeplogar og vinterdekk ikkje finst her i Storbritannia. Mange var heilt ute av seg, medan nordmennene sukka, og flirte naar kjoekkendamene sa at: -vi var heldege som fekk mat i det heile tatt, naar det var saa ekstremt vaer som dette.

I slutten av den andre veka hadde vi vaar foerste diploma period for dette semesteret, der alt dreide seg om Peace and Communication (ivertfall skulle det dreie seg om det, nokre workshopar spora nok litt av...) Vi hadde fleire fraa omverdenen som kom og haldt foeredrag, blandt anna ein norsk professor som heiter Johan Galtung. Eg hadde aldri hoeyrt om han foer, men han skal vist vaere passeleg kjent. Meir spennande var det med ein tysk fotograf som har voere i baade Palestina, Israel, India og Japan, og ein annan fyr som fortalde historier fra dei ulike plassane han har jobba, utan att vi heilt fant ut kva han jobba med. Kvelden foer forelesinga hans snaka nokre om a han kanskje var ein slag agent. Eg har mine tvil (sjoelv om dei hadde temmelig gode argument), men det er ivertfall sikert at det med eit var mykje meir spennande aa hoeyre paa han dersom ein leita etter ein plass der han forsnakka seg/sa noko som ikkje gav meining.

 

Anyways, det var spennande, og det var kjekt med to dagar uten vanlege fag! Fredagen foer denne helga hadde vi berre halv dag, for at heile skulen skulle delta i MUN. MUN staar for Model United Nations, og alle faar tildelt eit land som dei skal representere i ei sak. Dette var ikkje fult saa spennande, ettersom ein del folk tok seg av all snakkinga -.- For aa gjere opp for ein litt trist start paa helga drog eg og to andre til Cardiff paa laurdag. Eg fekk kjoept meg ein "prom-dress", sidan vi har "prom" om nokre veker. Etter aa ha gaat glipp av middagen laga eg og ei fraa Kanada pannekaker, med epler, jogurt, maplesyrup og brunost. For dei som har tilgang til begge deler: Brunost og Maplesyrup (loennesirup??) smakar verkeleg godt saman!

Og daa har vi vel omtrendt end opp med dagen idag: der laeraren ikkje dukka opp. Eg fekk nettopp ein mail fraa han:

I wish I had a good excuse, but actually I woke up at 8.05am ? I must have turned off my alarm clock in the middle of the night!

Saa no faar eg vel ta til aa jobbe litt, for ikkje aa vaere heilt uforberedt imorgon...Snakast!

04.02.2013 @ 10:05 i Wales !! 0 kommentarer

Home, sweet home!

Heisann!

 

Da har eg fire laaange, men stort sett kjekke ferie veker bak meg. Det vil seie, to dagar gjenstår fortsatt. Eg savna faktisk AC fra og med sekundet eg reiste derfra, men etterkvart som eg møtte folk, og meir skjedde rundt meg vart savnet heldigvis trengt litt i bakgrunnen. Eg er desverre forferdeleg på avstandsforhold/-vennskap, og kan derfor ikkje skryte på meg å ha skypa med folk frå AC. Samtidig er dette kanskje like greit, for da blir gjensynsgleda enda større! Akkurat no savnar eg så å seie alle eg kjenner derfra. Med nokon gjekk det fortare enn med andre, men fire veker er ei lang tid!

 

Den første veka tilbrakte eg i Tyskland, der eg var på den vanlege "familie-turneen". Det var stressande, som alltid, men også veldig kjekt. Etter denne veka vart det endeleg gjennsyn med venninene mine her heime, og med alle andre kjente og kjære! Utanom å bruke alt for mykje tid på folk og alt for lite tid på lekser har eg også ete mykje god mat og sove lenge og i eit eige rom!
Eg har også snakka til 10. klasse på skulen her om UWC.  Eg fant ut at det var litt seint for Vg1, sidan søknadsfristen er om nokre få veker, så då gjekk eg til 10. i staden. Det er likevel noko ein burde tenke over i god stund i forvegen, meiner eg. Men så er ikkje eg ein så utruleg impulsiv person heller. God på å gjere ting i siste liten er eg derimot, og eg er ganske sikker på at på denne tida sist år hadde eg enno ikkje starta å skrive teksten om meg sjølv. Det einaste eg hadde gjort var å be om lærar-annbefalingene. 

 

Anyways, mange spør kva ein skal skrive i søknaden, og det skjøner eg godt, men til sist trur eg alt du kan gjere er å skrive om deg sjølv, så ærleg du kan, og på den måten du vil. I fjor hadde vi folk som skreiv fantastiske historier, som om det var ein novelle, medan eg stort sett lista opp det eg hadde dreve med. Slik eg ser det leitar dei uansett etter ulike personlegheiter, så det er ikkje noko poeng i å lage seg til. Ting eg kan seie med sikkerheit at dei ser etter er: engasjement, at du er aktiv, at du e villig til å prøve, og kanskje også annsvarsfull.

 

Ellers avsluttar eg her (klokka på PC'en er ein time bak, så eg lurer meg sjølv til å tru at det er tidlegare enn kva det eigentleg her, heilt til eg kjem på at eg er i Noreg der det er ein time seinare, og frikar ut)

 

For folk som tenkjer på å søke, lykke til, og  be sjølvsagt om å bli plasert i Wales ;)

(eg veit, usakeleg, men det er i det minste eit bilde!)



10.01.2013 @ 00:51 i Informasjon 0 kommentarer

Jul!

Heisann! Da nermar juleferien seg, og eg burde nok begynne aa pakke snart!

 

Etter sist veke var eg ferdig med alle testane, heldigvis, saa i helga kunne eg slappe av. Trur det er foerste soendagskveld som ikkje har vorte tilbrakt i stille-romet med lekser :P Ikkje fordi, helga var travel nok som den var!

 

   Den starta fredagskvelden med at vi feira ein bursdag i Llantwit. Deilig med god mat og kjekke folk! Drog tilbake og tilbrakte resten av kvelden i eit rom, men eg gjekk tidlig til sengs, for klokka fire den natta var det opp og ut paa tur :P

   Dette hoeyrest sikkert saert ut, og det er ikkje slik at alle her gjer det altsaa! Men vi som har delteke i Kurt Hahn inititivet denne termen hadde avtalt aa ha ein slags avsluttande tur, og den tok vi like godt natta foer julemiddagen... Vi var 25 folk, og det var kjempe koselig (og meget kaldt!). Dei foerste tre timane var alt vi saag stjernene og maanen, og desse reflekterte i havet, i tillegg til hodelyktene. Det var til tider ganske bratt, saa fjellskoa eg nesten ikkje har brukt denne termen var eg veldig, veldig glad for. Sidan det regna ein del sist veke er dei no lysebrune i staden for svart.. Naar saa sola begynte aa kome fram bak bakkane stoppa vi og aat frukosten kjoekkendamene hadde gitt med oss. Den var bedre enn den her paa skulen, sjoelv om ledarane gloeymte kjeksa i ein sekk paa colleget. Deretter sprang vi rundt litt for aa halde varmen, ogsaa bar det tilbake til colleget.

 

    Her var det bere aa ta ein dusj ogsaa byrje med omstaltinga av dayroom. Det er nemleg slik at kvart hus har sin eigen christmas-dinner, og vaar vart halde i Tice-dayroom. Mot kvelden gjekk saa alle til korridorane sine og ordna seg. Guttane i huset trakk jenter ei veke tidligare, og klokka halv aatte kom din "date" og henta deg fraa romet ditt, med blomster. Ikkje at dette hadde noko aa seie, vi satt nemleg paa langbord, saa vi fekk snakka med mange andre uansett. Middagen var kjempe god, spesielt for AC-forhold! Mellom middag og dessert gjekk ein og ein fram og gjetta kven som var deira secret santa. Naar dei gjetta rett kom denne personen fram til dei og ga dei ei gave. Etter desserten hadde andreaaringane utdeling av "awards" til oss firstyears. Alle fekk ein award som beskreiv dei, blandt anna "shut the fuck up"- awarden, "no, I don't want to play foosball with you"-award og "little miss sunshine"-awarden.

   Etter julemiddagen war det diskotek i Bradenstoke (samlingshall i castle)

Soendagen gjekk mykje rolegare for seg, alt vi gjorde var aa rydde opp.

 

Ellers har eg ikkje saerleg julestemning. Eller, eg har det litt, men eg ventar ikkje paa julaften, som vanleg, men paa aa komme heim! Har hengt opp nokre elektriske lys i hjoernet mitt, men det nermaste vi har kome levande lys er gassflammane i kjemiforsoeka...

Til gjengjeld hadde vi pepparkakehus-eting i Tice igaard :D

 

Likevel, eg er veldig klar for aa dra heim no, akkurat som alle andre her. Fire maanedar er lenge nok, trass alt.

 

12.12.2012 @ 09:29 i Wales !! 0 kommentarer

Shared Plannet conference og Critical Engagement Period

Heisann godtfolk!

 

Eg foeler ag eg maa skrive ned kva som har skjedd paa bloggen fort, vist ikkje vil det bli gloeymd. I tillegg til det vanlege collegge-livet (som inkluderer surfing i november og mattetestar paa ein laurdag) har det nemleg skjedd ein heil del her sidan octoberbreak var over.

Det er heilt utruleg aa tenke paa at det berre har gaatt tre/fire veker!!!

    Foerste helga etter ferien var eg i Sheffield, paa Storbritanias stoerste konferens for ungdomar/studentar. Den handla stort sett om aa redde verda og slikt styr... Litt mange hippiar, og litt lite kritisk om du spoerr meg, men kjekt var det! Vi var to bussar fulle med ungdomar fraa AC, og allereie bussturen til konstanterte at dette kom til aa bli ei bra helg. Eit av hoegdepunkta var, som alltid naar ein er off college, aa dra til vanlege matbutikkar :D Sjoelv ein liten Tesco virkar som himmelen etter ei stund paa AC :P

   Sheffield har dessuten ogsaa starbucksar og andre butikkar nerme universitetet, som var der vi hadde workshops og forelesninger. I tillegg til litt for mykje informasjon og ein del diskutering mala vi ogsaa plakatar til protestar. Ellers var det heilt greitt aa ta seg ei pause innimellom og. Det viktigaste var nemleg aa henge/bli betre kjent med folk fraa AC. Slik sett kann eg ivert fall seie at helga var vellukka!

 

    Helga etter dette (17.11) hadde vi ei matteproeve paa laurdag, med alt vi har laert (eller i mitt tilfelle ikkje laert) til no... Eg strauk ikkje da, noko eg frykta eg skulle gjere! Om kvelden hadde vi halloween disco (sidan vi hadde brake daa det var halloween). Det var.. tja, passe kjekt. Ok med dei rette folka ;D

Deretter hadde vi storytelling i biblioteket fraa klokka elve til halv fire. Det var stilig, sidan vi vanlegvis ikkje har lov til aa vaere i slottet/borga om natta. Alle som var der hadde med seg dyne og pute, ogsaa satt vi i biblioteket og dei som ville kunne fortelje historier/eventyr fraa sine land. Spesielt artig naar nokon tok fram eventyr/historie boka som er nemnd i Harry Potter og fortalde historia om dei tre broedrene som moette doeden paa ein landeveg!

Veka etter dette (sist veke) hadde vi berre to skuledagar, og deretter hadde vi igjen diploma period. For dei som ikkje huggsar kva dette er: det er eit par dagar utan vanleg timeplan, der vi fokuserer paa eit tema og har forelesningar og workshops. Denne gongen hadde vi om critical engagement, og oektene gikk stort sett til diskusjonar. Eg hadde ei veldig kjekk gruppe, med ein saakalla "thirdyear" til gruppeledar.

Paa ettermiddagen kunne vi velge workshops. Eg valde blandt anna Theater og Kony2012. Theater var leikar som handla om personlegheitstrekk, medan Kony2012 handla om filmen og kva vi synest om den. Det var spesiellt spennande fordi omlag halvparten kjende til filmen, medan den andre halvparten saag den for foerste gong rett foer diskusjonen.

   

       Med andre ord har eg hatt nokre travle, men for det meste kjekke veker her. Denne helga fer eg sjaa om eg tek meg turen til Cardiff, maa nesten dit ein tur foer eg dreg heim! Ogsaa har vi "julemiddag" neste veke. Aah, dessutan har vi secret santa og! Alle i huset har nokon andre i samme hus som dei gir gaver til no i foerjulstida. Til no trur eg eg kan seie at min secret santa hoeyrer til top 3 i huset, minst! Eg har hatt skattejakt (treasurehunt) gjennom heile huset og til og med i borga/slottet. Eg faar ein lapp paa senga, som ledar meg til ein ny lapp, som ledar meg til ein ny lapp, osv. Det heile endte med ei sjokoladeplate :D

    

Det var den oppdateringa :) Haaper alle andre koser seg i foerjulstida (om ein kan kalle det det allereie..)

-Johanna

 

 

30.11.2012 @ 10:14 i Wales !! 0 kommentarer

Nightriding and other stuff

God morgon! (hugs at vi er ein time seinare!)

 

    Eg maa seie at livet er herlig naar ein gaar til foerste code og faar vite av medelevar at dei neste to timane er avlyst! Dette blir forsterka av vissheita om at timen etter desse to ogsaa er avlyst, med andre ord at ein har TRE!!! fritimar.

     Det er nesten saa eg ikkje veit kva eg skal gjere ta meg. "Heldigvis" har eg ein god del arbeid eg kan fylle tida med. Eller saa kan eg sjoelvsagt sette meg ned foran datan og sloese vekk tida! er ogsaa veldeg noegd med meg sjoelv etter aa ha jogga fram og tilbake til Llantwit idag klokka halv sju! Skal likevel innroemme at eg lurer paa om eg er heilt god i haudet naar vekkarklokka ringer ti over seks, her som alle uansett faar for lite soevn.

 

      Det skjer ikkje saa mykje her, derfor er eg litt lat naar det gjeld oppdateringer. Sist veke hadde vi ei veke med ferie, eller saa kalla mid-term brake. Eg vart igjen paa skulen, med omlag 70-100 personar. det varierte, etter som nokre folk berre var her i begynnelsen/sluten av veka. Eg skal innroemme at det var litt kjedeleg, men eg fekk daa kvilt meg! Maten var hakket bedr enn vanleg, og kjoekkendamene i bedre humoer. Vart ogsaa kjent med alle nightportarane, folk som har ansvar for skule-omraadet om natta.

    Inntil no har det vore slik at det var check-in klokka 22:15 i vekene og 23:15 i helgene. Etter det skal eigentleg alle vaere inne i husa sine til neste morgon klokka 06:00. MEN, saa har vi noko kalla nightriding. Dette har eksistert saa lenge skulen har eksistert, og nightporters som jaktar paa deg gjer det heile mykje meir spennande. Mest tabu omraade er slottet, og daa spesielt taket. Sjoelvsagt har eg aaaldri vore ute etter check-in, saa eg veit heller ikkje kor koseleg seafront er med klar stjernehimmel og havet og omrisset av klippene i maaneskinnet.

     Anyways, det eg skulle fram til er at no, fra og med igaar, har vi faatt alarmar paa doerene, saa no er det slutt paa denne 50 aar gamle tradisjonen.  Men det verste er at alarmane er for dyre til aa setje paa alle doerene, saa no har alle hus berre ei doer som virkar, sjoelv paa dagen. Dei andre er lukka slik at vi berre kan bryte dei opp i tilfelle det brenn. Og sidan eg er saa heldig aa bu i Tice, huset som ganske sikkert er designa av eit "crackhead" (dophau), er denne eine doera saa og seie paa baksida av huset! Foer var det greitt, for vi hadde doerer i rettning maindrive (hovudvegen) ogsaa, men no maa vi gaa rundt huset, noko som sikkert tar minst 30 ekstra sekund kvar gong, om ikkje eit heilt minutt!

      Hm..dette vart dagens klagebrev. Saka er at vi elevane rett og slett ikkje veit kva vi skal gjere, sidan argumenta deira: at nokre faa elevar sett seg sjoelv i fare ved aa gaa til klippene til ei viss grad stemmer...

 

   Ellers har eg EN skuletime til idag (det blir to totalt), og deretter skal eg klarte i outdoorfaculty! Haaper det ikkje begynner aa regne, ein veit aldri i Wales! Stoetter forresten veldig opplegget med aa avlyse timar naar laerarar er sjuk/vekreist, istaden for aa sette inn ein vikar som uansett ikkje veit ka han gjer paa! (for aa dra fram noko positivt ogsaa!)

  Trur vi avsluttar her, foer eg kjem paa aa skrive om pre-IB og anna styr ogsaa! (meir om det ein anna gong)
Snakkast  :-)

08.11.2012 @ 11:10 i Wales !! 0 kommentarer

Livet er hard naar...

... det skjer saa mykje at du maa velge bort ting du eigentleg vil gjere!

   Dette  gjeld alt fra aa velge project week i februar til aa velge kva du skal gjere i loepet av dagen! Etter igaar aa ha proevd aa vaere med paa alt endte eg idag opp med aa levere inn noko som eigentleg berre er eit halvferdig historie essay. Jey!!!

   Veka som gjekk har vore full med service og aktivitetar som vanleg, i tillegg til at vi hadde focus week pa sexuality and gender. Det var ikkje saa serioest som det hoeyrest ut som; Vi hadde for eksempel ein dag der jentene kledde seg som gutar, og omvendt. Det heile endte laurdag med 19% ball (det viser seg at 19% av folka paa skulen ikkje er heterofil), der ein skulle ha ein date av samme kjoenn. Var meir som eit diskotek, men kjektt var det jo!

      Ellers har eg sa mange proever og innleveringer at eg ikkje trur eg hugsar alle :P Har hatt mine fortvilte stunder der alt eg vil er heim, ikkje pga folka men pga det norske skulesystemet!  Screw IB kjemi i vertfall! Og aa skrive essay paa engelsk, laeraren forvekslar meg sikkert med ein ti-aaring!

   AAh! Ogsaa har vi hatt litt propaganda heri  det siste. Saka er at vi skal faa laasar paa doerene, ikkje verkeleg har moglegheita til aa ha student initiatives (at elevane ordnar til noko sjoelve), og at det er snakk om at skulen skal ha eit klassetrinn til, med folk som tek pre-IB. Probleme er at laerarane ikkje kjem til student council med desse ideane foer dei allereie er fastsatte, ogsaa har ikkje vi noko aa seie til det. Derfor har ein elev bestemt seg for aa gjere opproer, og vi har hatt plakatar i og utanfor matsalen med protestar! Temmelig stilig, kanskje litt unoedvendig... Spennandes er det i vert fall:)

     MEN, no boer eg komme meg tilbake til leksene!  Hei og haa folkens :)

17.10.2012 @ 17:32 i Wales !! 0 kommentarer

Bilde !!!

!!!!!

Tru det eller ei, men no skal de faktisk få sjå noko av det eg har skreve om.
Etter å ha lova bilde sånn ca tre ganger (i ikkje så mange fleire innlegg) kjem dei her:


Skulen min :D

 


Skulevegen min (M4)

 


Hjørnet mitt! (Merk bilde av Malin)

 


Det beste huset, Tice :)

 


Bilde med navna til alle firstyears i Tice, laga av talentfulle andreåringar!

 


Slik veit du at du er på ein skule for spesielt intreserte. Denne klokka er speilvendt men viser rett tid. Her er klokka ca fem på halv tolv!

 


Eit av romma inne i slottet/borga (vi blir ikkje heilt einig kva castle er..)  Tippar det slår dei fleste gangane i norske skular :D

 


Så fullstappa kan ei veke her være...

 


Skulen med arts center i framgrunnen (glass bygningen) Dette bilde er tatt for nokre få dagar sidan så slik ser det ut akkurat no :)

 

Så da, har eg endeleg innfridd lovnaden ;)

 

Håper alle har hatt ein fin lørdag, min var meget bra! Men meir om den seinare.

God natt :)

 

07.10.2012 @ 01:05 i Wales !! 2 kommentarer

Johanna

Johanna 17, Haram
Skal gå dei to siste åra av vidregåande på ein internatskule i Wales, der elevane kjem frå heile verdas land. Grugledar meg både til det faglege og ellers... Skal prøve å blogge no og då, slik dei heime slepp å bekymre seg :)

Søk i bloggen

Widgets

Design

Laget av Lisa

Siste kommentarer

hits